Hans Bethe | |||
| |||
Fødd | 2. juli 1906 Strasbourg i Tyskland | ||
---|---|---|---|
Død | 6. mars 2005 (98 år) Ithaca i New York | ||
Bustad | USA | ||
Nasjonalitet | Tysk Amerikansk | ||
Område | astrofysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Tübingen Cornell University Manhattanprosjektet | ||
Alma mater | Universitetet i Frankfurt Universitetet i München | ||
Doktorgradsrettleiar | Arnold Sommerfeld | ||
Doktorgradsstudentar | Freeman Dyson | ||
Kjend for | Atomfysikk | ||
Ektefelle | Rose Ewald | ||
Medlem | Royal Society Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences Det russiske vitskapsakademiet American Philosophical Society American Astronomical Society American Physical Society |
Hans Albrecht Bethe (2. juli 1906–6. mars 2005) var ein tysk-amerikansk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1967. Han deltok i utviklinga av atombomba i 1945, men vart seinare kritisk til verksemda si og var aktiv i anti-atomvåpenarbeid saman med Albert Einstein. Han vart fødd i Strassburg, då i Tyskland (no i Frankrike), og gjekk på gymnaset og studerte fysikk i Frankfurt. Han tok doktorgraden i teoretisk fysikk ved Ludwig-Maximilians-Universität München under professor Arnold Sommerfeld i juli 1928. Han gjorde rask karrière og underviste ved universiteta i München, Frankfurt og Stuttgart Alt før han var 25. Bethe kom frå ein familie av framståande forskarar. Han hadde kristen tysk far og jødisk tysk mor, og forlet difor Tyskland i 1933, og kom to år seinare til USA.
Bethe vart i 1984 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.